Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Står på for å få ferjekaia klar…

Står på for å få ferjekaia klar…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2013

På ferjekaia ved settefiskanlegget har det vore jobba heile helga for å få anlegget operativt. Det står enno att ein del monteringsarbeid, og så skal det fylles opp med masse slik at nivået på vegen blir rett i forhold til ferjelemmen. Dette arbeidet starta no i ettermiddag, fortel byggeledar Petter Husby i Vegvesenet.

Odd Erik Lønsethagen og Aril Risan frå Mesta hadde ein kort lunchpause da vi inspiserte kaiarbeidet søndag føremiddag. Dei har hatt travle dagar etter at raset gikk onsdag 31. juli. Det er kollosalt mykje arbeid med å montere sammen og tilpasse kaiutstyret, og normalarbeidsdagen har vore på 15-17 timar i denne perioden. Dei er no glade for at målet er innan rekkevidde. Vi skal kome lang før søndagen er ferdig, seier dei.

Byggeledar Petter Husby seier at Statens Vegvesen vurderer om ferjekaia skal ligge i beredskap til neste sommar, i teilfelle det blir naudsynt å stenge vegen på grunn av snøras eller rasfare i løpet av vinteren.  Men aller først vil det nok bli sett «full skuv» på vegarbeidet for å få opna vegen igjen.

Bilde frå kaiarbeidet som pågikk for fullt søndag føremiddag.   Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. august 2013, 12:57