Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stangvikfestivalen    –  programmet  klart

Stangvikfestivalen – programmet klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. juli 2010

Det endelege programmet for Stangvikfestivalen er klart. Som tidlegare meldt på Todalen.no startar programmet på Pakkhuset kro med forspel. Det skjer torsdag 29. juli og forestillinga startar kl 20.00.
Stangvikfestivalen varer fram til søndag 1. august da den avsluttar med «Duell på kyrkjebakken». Her kan du laste ned heile programmet som PDF-dokument

Trekkspelvirtuos Frode Haltli med sine venner i trioen Poing vil framføre maritimt musikalsk stoff . Vi møter dei også i samspel med festivalkomponist Maja Ratkje. Anders Larsen vil forklare si ambivalente forhold til Todalen, og Zümetrio vil sørge for at ikkje alt let symmetrisk. Det vil bli tango, todalsslåttar, toillmusikk og Todalssongen!

Publisert: 20. juli 2010, 19:52