Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stangvikfestivalen  –  forspel  på  Pakkhuset  Kro

Stangvikfestivalen – forspel på Pakkhuset Kro

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juli 2010

Torsdag 29. juli kl 20.00 startar Stangvikfestivalen 2010, med forspel på Pakkhauset Kro på Todalsøra. Da kjem trekkspelvirtuos Frode Haltli med sine vener i trioen Poing framføre maritimt musikalsk stoff. Vi møter dei også i samspel med festivalkomponisten Maja Ratkje. Anders larsen vil forklare sitt ambivalente forhold til Todalen, og Zümetrio vil sørgje for at ikkje alt låter symmetrisk. Det vil bli tango, todalsslåttar, toillmusikk og Todalssongen, skriv Stangvikfestivalen i sitt foreløpige program.

Elles er det foreløpige programmet, som Todalen.no har fått, fullspekka av program frå fredag 30. juli i tre dagar. Den tradisjonelle opningskonserten foregår i Prestgarden fredag kl 18, og vidare går det slag i slag til søndag kveld når festivalen avsluttar med «Duell på kyrkjebakken» kl 19.00.

Du kan kjøpe enkeltbillettar på kvart arrangement under festivalen, eller du kan kjøpe eit festivalpass som gjeld for alle arrangementa og som kostar kr 650,-. Konserten på Pakkhuset Kro kostar kr 200,-.

Last ned heile programmet for Stangvikfestivalen 2010 som PDF-dokument.
Sjå også heimesida for Stangvikfestivalen 2010 ved å følge linken.

Publisert: 11. juli 2010, 21:00