Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik og Kvanne: – Ny bygdebok før jul!

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. november 2017

Band 2 av det nye bygdebokverket for Surnadal er like om hjørnet! Det blir offisiell lansering i Bondehuset i Stangvika den 12. desember, men vi tjuvstartar med boksalget alt laurdag 9. desember. Da vil folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka.

No kjem den nye bygdeboka for Stangvik og Kvanne – her er eit av oppslaga i den nye bygdeboka. Foto: Bygedebokredaksjonen

Årets bok omfattar området frå Brøskja til Kvanne, og har blitt til takka vere mykje god hjelp frå frivillige, samt mange og gode bidrag frå lokalbefolkninga. Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på lanseringa! Det vil bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne. Etterpå blir det kaffe og kake, og mulegheit til å bla i eller å få kjøpe boka.

Elles vil det vera muleg å få kjøpt boka: 

Onsdag 13. des kl. 12 – 17 på Coop.
Torsdag 14. des. kl. 12 – 17 på Coop.
Fredag 15. des. kl. 12 -17 på Coop.
Laurdag 16. des. kl. 11 -15 på Amfi.
Fredag 22. des. kl. 12 -17 på Amfi.
Både band 1 og 2 vil dessutan alltid kunne kjøpast på Surnadal folkebibliotek.

Først publisert: 16. november 2017, 20:10 - Sist oppdatert: 20. november 2017, 21:32