Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag med nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Lørdag 3. desember 2016

Stangvik historielag er svanger med eit nytt, flott årsskrift med heile  64 sider med lokalhistorie mellom permane. Årsskriftet er allsidig lesnad, og har henta stoff frå mange hendingar og forskjellige fagområde. Her vil nok alle finne noko som er interessant å lese om.

arsskrift_oppslag_8753

Eit av oppslaga i årsskriftet fortel om setervandringa i Ålvundlia.

her kan du lese om fraktebåten frå Drøpping som vart kongebåt, Kvanne og Lykkjeeidet sanitetsforening som levde fram til 70-talet, Jacob Christian Tokle og hans liv i Stangvika, Sætervandring i Ålvundlia, Torvikingane i årene rundt 1900, Smeden og bjøllesøyparen frå Åsbøhagan, Om senkingsarbeidet og elvaforbygging i Søya på 80-talet, historik tilbakeblikk på Torviksetrane, om den gamle stokkvegen over Fugleleiken og om livet i Tysklandsbrigaden.

Det er lett å sjå at re4daskjonskomiteen har lagt ned mykje arbeid i årets historieskrift. Redaksjonen for 2016-utgåva av årsskriftet har vore Marit Haugen, Lars Steinar Ansnes, Grete Aarnes og torbjørn Polden. men dei har sjølvsagt hatt god hjelp av både gamle og nye skribentar, og resultatet har vorte veldig bra.

Det nye årsskriftet for Stangvik historielag kan no kjøpast i Matkroken Todalen, Bokhandelen i Surnadal og i Sunndal, Joker Ålvundfjord og Joker Kvanne – og kostar kr 150,- pr stk.

 

Publisert: 3. desember 2016, 12:50