Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag med nytt årsskrift i sal

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2017

I disse dager er Stangvik historielag på banen med nytt årsskrift for 2017.  Som vanleg byr årsskriftet på variert historisk materiale frå det området dei famnar – gamle Stangvik kommune.  Dette er no samla mellom to permar på tilsaman 56 sider i ei flott trykksak som blir delt ut til medlemane i Stangvik historielag og som elles er til sals til andre som ønskjer å kjøpe heftet.

Årets redaksjon har vore Marit Haugen, Lars Steinar Ansnes, Grete Aarnes og Torbjørn Polden, men det er mange fleire som har bidrege med artiklar og stoff til årets årsskrifthefte. I heftet er det ein fin miks av både gamal og ny historie, og vi vil tru at dei aller fleste finn artiklar og stoff som fell i smak.

Det er mykje interessant stoff i årets hefte, mellom anna ein artikkel om «Seterliv i Lykkjebygda på 1900-talet» som Anders Stenberg har skrive.

I heftet startar ein med 4 sider omtale av dei tre historiske vandringane som laget har arrangert – til Stangvikbukta, Årnesliene og til Nordvik. I tillegg vart det arrangert busstur til Storlidalen i lag med Todalen historielag.  Elles finn du artiklar om «Pinsebevegelsen i bygda», «Glimt frå lagsavisa Fjordingen», «Seterliv i Lykkjebygda på 1900-talet», Krigsminner frå 16- og 1700-talet, historia til Follerø Bruk, fotfallhistorie frå Stangvik idrettslag og mykje anna godt og interessant stoff.

Heftet blir som sagt delt ut til medlemane, men i tillegg er det lagt ut for sal i Todalen på Matkroken L. Hals, i Ålvundfjord hos Joker Ålvundfjord, elles på bokhandelen i både Surnadal og Sunndal og hos Einar Grønnes og Marit Haugen i historielaget. Heftet kostar kr 150 pr stk – hos styret får du også eldre årgangar, unnateke 2007-årgangen for kr 100.

Publisert: 30. november 2017, 11:16