Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag utvider påmeldinga

Jon Olav Ørsal Måndag 19. mai 2014

Stangvik historielag inviterer medlemar og andre på tur til Sagelva vasskraftsenter i Brøstdalen i nærleiken av Bjorli. Det skjer torsdag 29. mai, og turen går til Romsdalen med buss frå Rykkjem. Turen går via Sunndalsøra og vidare over Visdalsheia til Åndalsnes og oppover Romsdalen til Brøstdalen.

I pressemeldinga står det følgjande info vasskraftsentret: «Sagelva vasskraftsenter vert no dreve av Brøste-Stueflotten Kulturlag, og staden har historie heilt tilbake til 1700-talet da det var oppgangssag og kvern ved fossen . Restaureringsarbeidet tok til i 1999, og senteret «huser» no oppgangssag, sirkelsag, kvern, tjærebrenneri og vadmelsstampe, samt eit moderne minikraftverk. Kulturlaget har fått pris både frå Rauma og Lesja kommuner for restaureringsarbeidet dei har lagt ned ved senteret.»

Etter omvisning går turen vidare til Dombås, der det blir ein stopp og middag, før turen går attende over Dovre til Oppdal.  På oppdal blir det ovisning på Bygdemuseet før turen forsett heimover.

Meir detaljer om turen, med prisar og påmelding finn du i pressemeldinga som kan lastast ned her.

Påmeldingsfristen var opprinneleg 18. mai, men da det enno er nokre plassar ledige på bussen, utvidar arrangørane påmeldigsfristen til torsdag 22. mai. Så er det enno nokon som kan tenkje seg å vera med – ta kontakt med Einar Grønnes tlf, 91894944 eller Marit Haugen tlf 48049218.

Publisert: 19. mai 2014, 23:00