Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stamfisket etter laks er ferdig – fikk raritet i garnet

Jon Olav Ørsal Måndag 21. september 2015

Todalen elveeigarlag er ferdige med årets stamfiske etter laks. No er genprøvar frå  dei 21 laksane som er fanga til testing og vi håper at alle blir godkjent, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Stamlaksane er no plassert i store vasskar i stamlakshuset og ventar altså på dommen frå gentestane. Prøvane blir grundig testa for å finne ut om dei har gener frå todalslaksen og med tanke på helsetilstand og eventuelt slektskap. Under stamfisket fikk dei også ein langvegsfarande raritet i garnet….

FrøydisBolmeHamnes_3063

Prosjektleiar ved Rossåa settefisk leita fram informasjon av pukkellaksen og regnbogeauren på internett. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ein pukkellaks som egentleg stammar frå Stillehavet, fortel stamlaksansvarleg Bjørnar Aasbø ved Rossåa settefiskanlegg. – Men den kjem nok frå nordområdet og oppdrett på russisk side, og det er ikkje så uvanleg med slike laksar i elvene i Finnmark og litt nedover kysten.  Det er første gong at pukkellakse er observert i Toåa, og den er lett å kjenne att med ein markert pukkel på ryggen.

Stillehavslaks – dei framande gjestane i Toåa er merka med rødt – pukkellaksen øverst og regnbogeauren nederst.

 

IMG_0297

Pukkellaksen frå Toåa under stamlaksfiske. Foto: Kjetil Haugen

IMG_0305

Slik ser tanngarden ut på ein pukkellaks. Foto: Kjetil Haugen

 Det vart også teken ein regnbogeaure under stamfisket, og i tillegg vart det observert fleire eksemplar av arten under dykking i samband med stamfisket. – Det er og ein stillehavsart, men finns i oppdrettsanlegg i Noreg. Her er det kjent at det har vore rapportert rømming frå anlegg lenger sør, og det er nok eit innslag derfra trur Aasbø. Han trur ikkje regnbueauren har store sjangsen til å formere seg i Toåa, men det er i tilfelle uheldig for Toåa som lakseelv.

Ein merka laks frå elva Ims i Rogaland var også med i stamlaksfangsten. Den hadde såkalla Carlin-merking og var lett å identifisere.  Det er naturleg med ei viss feilvandring og derfor ikkje noko sensasjon at slike blir fanga i elvar i nærleiken av «heimplassen».  Både pukkellaksen og regnbogeauren kjem nok også på kontoen for feilvandring, fortel Bjørnar Aasbø, som saman med lærling Kjetil Haugen har delteke i stamfisket og med innkjøringa av fangsten til Stamfiskhuset i Brusetmarka.Nytt av året er at alle laksane som blir tekne til stamlaks blir sett ut i elva igjen etter at det er teke prøva av dei og dei blir strøket.  – No kan vi berre ta prøvar for å finne sjukdom og andre lyter, og treng ikkje lenger slakte laksane, fortel Aasbø.  – Vi berre spente på resultatet av gentestane, og har egentleg rikeleg med stamfisk, så vi håper berre at dei blir godkjent.

Publisert: 21. september 2015, 19:54