Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ståle fikk fornya tillit i Bondelaget

Ståle fikk fornya tillit i Bondelaget

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. oktober 2012
Ståle Ansnes fekk fornya tilliten som ledar i Todalen Bondelag, da laget hadde årsmøte måndag 15. oktober. Etter årsmøtet er det to nye medlemar som tek plass i styret, da Siv Halle vart ny skrivar og Frode Grønmyr  ny styremedlem.  Todalen Bondelag er eit av dei få lokallaga som har overlevd som lite, lokallag med sine 36 medlemar. Av disse deltok 14 på årsmøtet, fortel Ståle Ansnes som altså fortsett som ledar i laget.
Dei fleste små lokallaga er no slegne saman til eit lag i kvar kommune. Men sidan medlemane i Todalen Bondelag har vore såpass aktive i lagsarbeiet, har dei fått fred til å halde fram som eige lokallag. Todalen Bondelag har dei siste åra jobba aktivt med å halde seg fagleg oppdatert, og dei har no gjennomført alle kurs og sertifiseringar som kreves for å drive matproduksjon og husdyrhald etter gjeldande regelverk.
Etter årsmøtet har styret i Todalen bondelag denne samansetninga:
Leiar: Ståle Ansnes
Nestleiar: Ingebrigt Ramsøy
Skrivar Siv Halle
Kasserar: Håvard Halset
Styremedlem: Frode Grønmyr
1.varamedlem: Torill Gjeldnes
2.varamedlem: Kristen Bruset
Publisert: 16. oktober 2012, 20:17