Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spyling: Eit sikkert vårtegn

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mai 2017

Når brannlaget i Todalen fyrer opp brannsprøytene og spyler plassen mellom Talgø-fabrikken og Halsbua er det på tide å finne fram 17. mai- sløyfa.  Det er eit utruleg sikker tegn på at vinteren har slept taket, og våren er på full fart inn.

Anders A. Karlsen og Dan Roger Pedersen spyler parkeringsplassen framfor Talgø fabrikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Heldig vis har vi skifte av årstidene, slik at vi får gleda av å markere skiftet.  Og aller best er skiftet frå vinter til vår, for da blir det betre temperatur etter kvart og det blir lengre lysdagar og det blir etterkvart grønt – både grønt på marka og grønt lauv på trærne.

Vi sikra oss nokre bilde da Todalen brannlag tok mai-øvinga som spyling av plassen, for å få vekk all strøsand som har vore bruka i vinter. No blir det reint og friskt, og alt grusstøv er borte. Godt jobba gutter!

Den eine pumpa trøbla litt, men kom etterkvart i drift. Håvard Halset og Dan Roger Pedersen. Foto: Jon Olav Ørsal

Ståle Ansnes og Ivar Bolme spyler framfor Halsbua. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterkvart vart det skikkeleg trykk på pumpen, og tok mesta alt vatnet i Lundebekken. Foto: Jon Olav Ørsal

BRannbilen som er stasjonert i Todalen – her pågår rigging av utstyr til spyling. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. mai 2017, 05:00