Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Springflo, men ingen rekord…

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2016

Etter værmeldinga har det vore varsel om høg vasstand i dag, med 50 cm over normal vasstand her på Indre Nordmøre. Men det vart slett ingen rekord, sjølv om det etter kvart vart mykje vatn.

Vi tok ein runde ut i dag mellom 12 og 12.30, og da hadde vasstanden såvidedt nådd full flod, og starta på nedturen mot fjøre igjen.  Vi har bilder frå båthamna, Todalsøra, Ansnessaga og Bordholmen som er tekne onsdag rett etter flodtoppen.  Det er nok fullmånen og den såkalla supermånen som aukar tiltrekkingskrafta og dermed auka vasstand.

dsc_6541

Floa gikk heilt inntil veggen på klubbhuset på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_6527

På ansnessaga gikk floa inn på asfaltplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_6523

På Todalsøra er det også høgvatn til gangs. Foto: Jon Olav Ørsal

dsc_6518

Frå moloen og innover til Talgøfabrikken var det eit stort hav. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. november 2016, 18:49