Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spreking med på Birken

Spreking med på Birken

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mars 2011

Johan Kvendset er einaste deltakar i Birkebeinerrennet frå Todalen I.L. i år. Løpet går frå Rena til Birkebeineren stadion i Lillehammer, og er på 54 km i klassisk stil. Ein går med sekk på minst 3,5 kg gjennom heile løpet. Deltakarantalet er rundt 16000, og altså Johan Kvendset som einaste todaling. Han kom i mål på tida 4.41.26, som var god margin for å klare merket, og vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år).

Men to to veteranar frå Sunradal sneik seg likevel framom på resultatlista i same klassen. Nemleg Jan Gausen (2.-plass) og Styrkår Brørs (4.-plass). Gausen gikk på tida 4.16.35 og Brørs på 4.18.10. Forøvrig eit imponerande resultat av alle dei tre veteranane. Frå I.L. Søya var det ein deltak også, der Tor Vang fekk tida 4.07.19 i klassen M35 (35-39 år). Frå Surnadal I.L. var det i år 10 deltakarar med i Birken.

Publisert: 19. mars 2011, 18:09