Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spreke pensjonistar runda av tursesongen med minikonsert

Jon Olav Ørsal Fredag 10. oktober 2014

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag siste utflukt denne sesongen. Vanslegvis brukar vinteren å krype innpå denne tida av året, men i år ser det ut til å blir fint turvêr til overs. Men terminlista for haustaktivitetane hadde altså årets siste fellestur på plana torsdag og det er tradisjon med sesongslutt i klubbhuset på Vang skiàrena, der det var traktering med kaffe med tilhøyrande graut og bakels. Men her var det ei overrasking i år….

Randi og Vidar Sogge fortel at heile 41 deltakarar var med på sesongens siste stavgangtur og på kaffekosen etterpå. Men i år var det også musikalsk avslutning i tillegg. Det var Guri Saltnes og Lars Vang, saman med Ola Svorken som laga sesongavsluninga litt spesiell, og det sette stavgangarane stor pris på. Samtidig rettar dei ein takk til gjengen som ordna med graut og bakels og takk til IL Søya for lånet av klubbhus.

Vi i redaksjonen på Todalen.no vil også rette ein stor takk til Randi og Vidar Sogge for mange fine bilder og reportasjer frå dei mange turane gjennom heile sesongen. Vi håpar sjølvsagt at vi kan fortsette det gode samarbeidet så snart det tek til å spire og gro igjen til våren.

I bildegalleriet nedafor har vi lagt ut eit stort bildegalleri frå årets siste stavggangtur til Vang og frå kulturinnslaget i klubbhuset.   Alle foto: Randi og Vidar Sogge.

 

 

 

 

 

Publisert: 10. oktober 2014, 19:04