Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sporty at dere kom på konsert….

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juli 2016

Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.

IMG_0507

Det var sett opp eit stort telt for publikum framfor Todalshytta, medan scena var under svalgangen på Todalshytta. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Konserten med Johanna Demker og Jo Sverre Sande var ein del av Todalsdagen, og med Todalen bondelag som arrangør. – Dei store nedbørsmengdene og den sure nordvesten avgrensa nok publikummet.  Men dei som kom, fekk full valuta for pengane, medan regnet hølja ned, og tromma på taket på det store publikumsteltet som var sett opp.

Det var Johanna Demker som først entra scena, og hadde med seg Terje Kristiansen på gitar som ei forsterkning. Johanna song eigne låtar, og kunne by på både på både engelske og svenske tekster. Men regnet berre auka på og etter første pausen vart resten av konserten flytta inn i peisestua, og peisvarmen vart det reint så koselig og intimt. Johanna er eigentleg svensk, og i andre akta fortsette ho med svenske låtar.

Jo sverre sande gjorde suksess med sine tekster på rindalsdialekt.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Jo Sverre Sande gjorde suksess med sine tekster på rindalsdialekt. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I siste del av konserten var det rindalingen Jo Sverre Sande som tok over. Hans kjennemerke er nok eigne tekster på rindalsdialekt. Dette falt i god smak hos publikum som sørga for skikkeleg applaus til Sande for sine sju sjølvskrivne låter på eiga dialekt.

Publisert: 3. juli 2016, 09:36