Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spenning til siste slutt

Elinor Bolme Tysdag 29. april 2014

Seriestarten er også godt i gang i de yngre årsklasser. G12 Søya/Todalen hadde i gårkveld sin seriestart mot eitt av dei tre Surnadalslaga dei har havna i serie med. Det vart ein spennende kamp, både for spelarar og tilskuarar.

Søya/Todalen leda 4-2 til pause, men etter ei iherdig opphenting av Surnadal i 2. omgång vart stillinga 6-6 etter nokre nervepirrande sluttminutt, der Søya/Todalen til slutt fekk inn det siste målet. Målscorarar var Erik Kårvatn (2), Lasse Vasseng Hansen (2), Eirik Vang Aas og Eivind Bolme kvart sitt.

 

image

 

«Superreservane tu Todala», som dei sjølv tittulerte seg. Frå venstre Henrik Kvande-Talgø, Trym Schei Kvendset og Aron Telstad Sollid. Trym og Aron går i klassen med fleire av motspelarane, og håpa inderleg på seier. I allefall ikkje tap, for då vart det så drygt på skulen. På dette nivået spelar dei med 7 spelarar, Søya/Todalen er totalt 11 spelarar, så litt venting på sidelinja blir det på alle. Slik veret var i dag, kunne nok dei fleste å ha fått spele heile tida, (også foreldra).

imageKjent prosedyre; Takk for kampen!

 

 

 

Først publisert: 29. april 2014, 04:00 - Sist oppdatert: 28. april 2014, 21:47