Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande jentekamp på Bordholmen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 29. mai 2018

Tysdag kveld var det ein spennande og underhaldande fotballkamp på Bordholmen. Søya/Todalen møtte Rindal i klassen J 10.

Heimelaget opna best og skåra to mål før Rindal fekk sitt første. Jentene imponerte. Dei var flinke og ivrige, viste stor innsats, dribla og fekk med seg ballen. Målvaktene var dyktige med mange gode redningar.

Rindal J 10. Fremst frå venstre: Hedda, LInnea, Jenny, Chahed, Mari. Bak: Hannah, Mayla og trenar Grete Elshaug. Maskoten Albert er med på alle kampar. Foto: Dordi JH

Søya/Todalen leda til det stod att tre minutt, da henta Rindal fram nye krefter, fekk fart på godfoten og skåra fire mål. Dermed vart det siger til Rindal, dei vann med eit mål og var riktig så glade. Men alle jentene var flinke fotballspelarar og innsatsen var god!

Kjekt med fotballkamp, finver og is! Frå venstre: Gunnar, Natascha, Emil, Anders, Hallvard og Anders sen. Foto: Dordi JH

Publikum hadde ein fin kveld i solskinet på Bordholmen, og som vanleg var det open kiosk. Det er fint å møtast på fotballkamp og samstundes få ein god prat og ettermiddagskaffe.

Søya/Todalen med oppmann Per Arne Hyldbakk og trenar Torill Bye. Frå venstre: Maria, Ida, Eline, Natalie, Mia, Solveig, Marte, Nicole. Fremst: Tora. Foto: Dordi J H.

Hjørnespark framfor målet til Søya/Todalen. Foto: Dordi J H

Terje, Brit, Gudmund og Magne er trufast heiagjeng. Fot: Dordi J H

Publisert: 29. mai 2018, 20:53