Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spel på lag med oss

Spel på lag med oss

Elinor Bolme Torsdag 2. februar 2012

Etter gårsdagens politiaksjon her i Todalen oppfordrar politibetjent Anders Mangne Ormset til at folk er litt meir varsame på kva dei publiserer på nettet, då  med særskild tanke på sosiale medier. Bakgrunnen til dette er at det på Facebook var å lesa at politi var i Todalen og «aksjonerte», før pågripelsen var eit faktum. Dette held på å spolere heile pågripinga, då fleire vart gjort oppmerksame på at noko utanom det vanlege foregikk. Og slik info sprer seg ofte òg raskt til dei som ikkje bør ha den, med tanke på vellukka aksjonar.

I særskilde høve kan ulike publiseringar med både tekst og bilde på nett ha dramatiske konsekvensar for dei som er innblanda, til dømes i ein væpna aksjon i ein privat heim fortel Ormset. Vi er fullstendig klar over at det er slik det er no til dags, men skulle gjerne ha sett at folk tenkjer seg om ein gong til før ting publiserast, fortsett Ormset. Vi er avhengig av at publikum spelar på lag med oss for å kunne gjere jobben vår best mogleg. Difor er vi veldig taksame når vi blir tipsa i slike saker som nemnte resulterte i, avsluttar han.

Publisert: 2. februar 2012, 18:48