Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søyasjela mellom to permar

Elinor Bolme Onsdag 20. mars 2019

På laurdag er det stor jubileumsfeiring i Bondehuset. Da arrangerer IL Søya sin 100-årsdag med festmiddag og boklansering. Svein Sæter har hatt regien på den ferske jubileumsboka, og vi har fått ein sniktitt i ho, før den store lanseringa på laurdag.

Her er historia frå oppstarten i ein tønnefabrikk på Kvanne 21. mars 1919, kor ungdommen samla seg og stifta IL Søya. Ei stolt og interessant historie som favnar breitt og imponerer stort. Her er både dugnadsånda, småheltane og mange imponerande sportslege historier komne med. Boka har mange fine bilder, kor alle personar er namnsette, noko som er av stor verdi om ein kanskje ikkje har heile historia under huda.

Utsnitt frå boka.

Under kapitlet «Talent, trening, tæl» finn vi for eksempel den imponerande historia til ungdråka frå Todalen; Ragnhild Nes (f Gjeldnes) . Ho hadde ei imponerande karriere innan både friidrett og ski, og sanka medaljar heilt opp til nasjonalt nivå i sine klassar.

43 konkurransar på åtte månader i 1985 for Ragnhild. Der nesten samtlege var med seier i tillegg! Bilde tatt av boka.

Ellers er det både hopphistorie, bingohistorie, fotballhistorie og ikkje minst skihistorie, pluss litt til. Boka er ikkje for stor, men heller ikkje så «lita» som vi planla, kan Lars Inge Kvande fortelje, som saman med Leif Magne Andersen og Kristin Bæverfjord har utgjort 100-års komiteen. -Plana var rundt 150 sider, men det øka på mot slutten. Men resultatet tilseier at det vart heilt ok. Vi har fått ei kjempefin bok som no vil bli lagt ut for salg i helga, stadfester Lars Inge.

I anledning jubileet er det naturleg vis laga eigen logo, og dei som no har meldt seg på laurdagens jubileumsfest kan berre glede seg til ei feiring av det innhaldsrike idrettslaget i Søyaland med god mat og underhaldning til.

 

Publisert: 20. mars 2019, 06:00