Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Molde J12 2

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. september 2020

Søndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap. 

Med fire kampar allerie i føtene på ei lita veke skulle ein tru at kreftene til heimelaget var brukt opp, men dei var spelemessig absolutt på høgde med eit godt bortelag gjennom heile første omgang. Største forskjellen på laga var effektiviteten framom mål. Der heimelaget «bomma» på sine sjansar, greidde bortelaget å putta ballen dit han skal, nemleg i mål. 

Andre omgang likna mykje på den første. Bortelaget var mest effektive framom mål sjølv om heimelaget spelemessig hong godt med. Men då dommar Espen Andersen bles av kampen hadde bortelaget fleire mål i målprotokollen enn heimelaget.

Lagleiar Leif Magne Andersen er godt nøgd med utviklinga laget har hatt sidan starten på sesongen. Laget har utvikla seg mykje i det fysiske spelet samstundes som dei fungerer mykje betre som eit lag med eige spel. Andersen meiner utviklinga hadde vore endå betre dersom ein hadde hatt ein «normal» sesong med kampar og treningar jamnt fordelt frå mai – oktober. Slik det har vore no har det vore så tett mellom kampane at det har blitt få treningar, og då får ein lita tid til å trene på detaljer i eige spel. Men han er som sagt godt nøgd med utviklinga til laget. 

Dagens målscorarar for Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen var Mia V. Hansen 2 og Eline S. Polden 1. 

Desse spela kampen: Eline S.Polden, Mia V. Hansen, Solveig Andersen, Anna Vikan, Ingrid E. Øverås, Marte Kvande, Nicole Nordvik, Nathalie M. Fiske, Tora Mo og Mali Foss

Lagets siste kamp for sesongen blir spela på Søyabanen tysdag 22.september kl. 19:00 mot Hjelset/Kleive J12.

Takk til Leif Magne Andersen for info og bilete. 

Publisert: 20. september 2020, 13:43