Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G9/10 – Sesongavslutning på Rush

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. oktober 2020

Fredag ettermiddag hadde Søya/Todalen sitt G9/10 lag sesongavslutning for å feire at fotballsesongen 2020 er over for deira del. I år vart feiringa lagt til Rush Trampolinepark i Trondheim, noko som vart særs godt motteke av spelargruppa, og støtteapparatet og for den del. 

Medan gutane hoppa satt dei sjåførane og støtteapparatet og såg på. Kaffe fekk dei og, det var inkludert. 

Sjåførar og støtteapparat slappar av medan gutane hoppar. Foto B G Ansnes

Etter ein stor time med hopping i trampolineparken var dei fleste svette og svoltne. Laget hadde leigd noko som heiter «Rush Bursdag», slik at etter hoppinga fekk laget tildelt eit eige rom der det vart servert pizza, saft og popcorn. Rush hadde ein eigen vert som stod for serveringa og elles bisto med praktiske gjeremål under vegs.

Det smakte med pizza etter litt over ein time med hopping. Foto: Finn Ranes  

Etter to minnerike timar sette laget kursen heimover att. På spørsmål om dette var ei bra avslutning? Svara ALLE eit rungande JA! Då blir det treningsfri for laget fram til utpå nyåret. Då tek førebuingane til neste års forballsesong til. 

Om nokon vil vite meir om Rush Trampolinepark Trondheim sine tilbod så finn de det her: Rush Trampolinepark Trondheim

Publisert: 16. oktober 2020, 19:57