Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G12 – Smøla G12 1

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. september 2020

Laurdag spela Søya/Todalen sitt G12 lag mot Smøla G12 1. Kampstart var allereie kl. 12 så Smøla måtte tidleg opp denne laurdagsmorgonen for å kome seg på kamp. 

Første omgang starta med ein klar dominans frå heimelaget si side. Dei skapte mange store sjansar og klarte å score 3 gonger. Utover i omgangen kom Smøla meir med og fekk etter kvart flytta laget sitt høgare opp i banen, og var i siste halvdel av omgangen nesten på høgde med heimelaget. Til pause hadde heimelaget ei knapp leiing. 

Taktikken blir diskutert før kampen. Foto: B G Ansnes

I andre omgang bølga spelet lenge fram og attende utan at nokon av laga greidde å ta kommandoen. Men heimelaget skapte heilt klart flest store sjansar, men ein god Joakim Næss i bortelaget sitt mål varta opp med mange gode redningar som var direkte avgjerande for kampresultatet. Ingen av laga greidde å få ballen i mål før heilt mot slutten av kampen. I løpet av dei siste 8 minutta scora bortelaget 3 mål medan heimelaget scora 1. Så då dommar Olav Arne Nes bles i fløyta for siste gong hadde bortelaget «snudd» kampen i høve til pauseresultatet med knappast moglege margin. 

Joakim Næss med ei av mange avgjerande redningar. Foto: B G Ansnes

Alle som hadde teke turen til Bordholmen stadion denne føremiddagen fekk sjå ein god og spanande kamp med mange målsjansar, og då spesielt til heimelaget. 

Søya/Todalen sine mål vart scora av: Hallvard Nordvik 2, Marius Kvande 2, Orion Fossen 1 og Sigurd B. Kvendset 1. 

Smøla sine mål vart scora av: Ulrik N. Skaget 5, Edith Rokstad 1 og Snorre Vean 1. 

Søya/Todalen sitt lag: Tor Asbjørn M. Karlsen, Sigud B. Kvendset, Steinar Stenberg, Finn Isak Brakstad, Hallvard Nordvik, Orion Fossen, Håkon Nes, Heine T. Røen og Marius Kvande.  

Takk for kampen! Foto: B G Ansnes

Først publisert: 26. september 2020, 13:57 - Sist oppdatert: 27. september 2020, 10:17