Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya-cup med mange mål, stor innsats og blide fjes!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 24. august 2019

Idrettslaget Søya feirar 100 år, og det er ein særdeles aktiv 100-åring! Dagens Søya-sup er nr 19 i rekka og med riktig stor deltaking. Om lag 500 fotballspelarar i alderen 6 til 12 år frå 78 lag møtest til dyst på Søyabanen. Visjonen  for turneringa er:  » Vi skal skape gode fotballminne».

Sekretariatet hadde ein lang dag. Dei starta arbeidet alt i april, men mest travelt hadde det vore siste veka. Det er mykje dei skal halde styr på! Frå venstre: Geir Atle Røen, Åse Nes Kvande, Nina Vikan. Foto: Dordi J H

Over 30 dommarar var i aksjon under Søyacupen – dei gjorde ein god jobb! Her er nokre av dei. Frå venstre: Vegard Kvande, Kennet Sætherbø, Kenneth Bergstad, Ola Magne Nordvik, Kristian Ansnes og Ivar Vikan. Foto: Dordi J H

Speaker Magne Hansen hadde full oversikt i dag, og. Tru om han er den funksjonæren på banen i dag med lengst fartstid? Foto: Dordi J H

For å gjennomføre turneringsdagen er det om lag 90 funksjonærar i sving, av dei 32 fotballdommarar. Det blir spela kampar på 9 ulike banar, og det er lag med 3, 5 eller 7 deltakarar. Første kampen vart sparka i gang kl. 09.30 og siste kampane er ferdig ca. kl. 18:00. Lang dag, men veret var bra og stemninga god. Søya-cupen er ei av dei viktigaste inntekstkjeldene til Søya il.

Janne Lene Trønsdal er ein av trenarane til G 11. Her varmar dei opp til kamp mot Tingvoll. Foto: Dordi J H

Søya/Todalen G 11. Fremst frå venstre: Jan Ivar, Tor Asbjørn, Hallvard og Magnus. 2. rekke frå venstre: Finn Isak, Håkon, Orion og Heine. Attast: Janne Lene. Foto: Dordi J H

Søya/Todalen opna dagen med kamp mot Tingvoll. Her var det stor innsats og kraft i beina. Heimelaget hadde ein god dag på banen og scora mange mål. Når målforskjellen blir 4 mål til laget som ligg under, får dei sette inn på ein ekstra spelar. Men fotballen er rund, for laget som vann i dag, hadde før i veka gått på eit stort tap.

Søya/Todalen J 8/9. Fremst f.v: Nathalie Astrid og Lisa. Bak f.v. : Mia, Sigrid, Martine og Anna. Foto: Dordi J H

Nathalie og Martine er klare til avspark. Kampen starta 09.30! Foto: Dordi J H

Søya/Todalen J 8/9 starta dagen med kamp mot Kvass/Ulvungen FK. Her var det mange store målsjansar, men med gode målvakter.

Her er det trear-fotball på «Banksletta». Spennande å delta på cup. Foto: Dordi J H

Emmely og Liv Hedvig. Emmely var med på Søya-cupen for først gong i år, medan Liv Hedvig er «veteran» frå i fjor. Foto: Dordi J H

I vantet var det 3-arfotball for dei yngste. Mange spente spelarar, men med god støtte frå foreldre, besteforeldre og andre supporterar er det artig å spele kamp. Dommarane tok godt vare på spelarane og gav god rettleiing undervegs i kampane.

G 9 frå Søya/Todalen spela første kampen sin mot Kvass/Ulvungen. Det vart ein målrik og jamn kamp. Fremst frå vestre: Jens Sancho, Erlend, Ailo. Bak frå venstre: Magnar, Olav, Ådne og Trygve Aleksander. Foto: Dordi J H

Søya skal ha ros for eit flott og triveleg arrangement – her gjekk kampane etter plana. Det var mykje publikum rundt banane som støtta godt opp om dei unge fotballspelarane, og med blide funksjonærar og hjelpsame parkeringsvakter vart dette ein riktig så  fin dag på Søyabanen.

Her er fleire bilete frå Søyabanen:

Her er det reint todalslag i dei ærverdige draktene til Todalen idrettslag. Frå venstre: Lars Ailo, Ådne, Anders og Mikael. Foto: Marit B.

Gutar 8. Frå venstre: Jakob, Sindre, Endre, Trym, Ask og Fredrik. Foto: Dordi J H

Viktige støttespelarar og heiagjeng på sidelina. Foto: Dordi J H

I kiosken. Her var det gode bakels å få! Frå venstre Marit Hyldbakk og Ann Berit Fiske. Foto: Dordi J H

Lisa i mål – litt spent og alvorleg, men god støtte i far Finn. Foto: Dordi J H

Full konsentrasjon på banen! Foto: Dordi J H

 

 

Først publisert: 24. august 2019, 14:13 - Sist oppdatert: 25. august 2019, 00:15