Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søte små kunstverk

Elinor Bolme Sundag 4. mai 2014

Det er nok ikkje til å stikke under ein stol at todalingane vil vera sjølvbergande på det meste. Her er både butikk, post i butikk, drivstoff til alle døgnets tider, møbelfabrikk, skule, barnehage, sportsbutikk, overnatting, fotterapi, middagsservering, ja berre for å nemne litt. Det kanskje ikkje alle visste fantes i bygda, er tilbudet om neglepleie. Ja, det som så fint heiter manikyr. Redaksjonen kom over dette tilbudet ved eit slumptreff i går, da Tove Talgø Brøndbo stolt viste fram sine nylakkerte neglar på laurdagstreffet i Skulstuå.

Og slik gjekk det til at ho fekk naboen sin på Sandmo, Anita Przespolewska til å komme nedover og vise fram hobbyen sin. Anita er dotter til den sjølvstendig næringsdrivande Ted som kjøpte Sandmo for ei tid tilbake. Ho er snart 24 år,  har vore i Norge sidan oktober no, og er for tida utan fast arbeid kan ho fortelje. Ho har i seinare tid vore barnepike for ein familie i Surnadal, vikariert med reinhald på Talgø og bistått far Ted med målarjobbar medan ho studerer engelsk og pedagogikk.

Anita har skolert seg med 5 ulike kurs innan negledesign frå heimlandet Polen. Og her var det ikkje måte på alskens tilbud ho kunne tilby dei opprømte damene i Skulstuå. Her kunne ein få alt frå enkel klarlakk, til kombinasjonar med litt farge, og ikkje minst ein fargelakk som skifta farge etter korleis temperatur henene hadde. For spesielt interesserte definitivt, men slik er no eingong kvinnfolk. Så om nokon skal i fint selskap utover, eller berre vil koste på seg litt ekstra velvære, er Anita klar for å bistå. Ho sveisar også på neglar, samt fargar vipper og øyebryn.

Under er eit bildegalleri frå starten med eit dårleg utgangspunkt som vart forvandla til dei nydelegste kunstverk.

 

Publisert: 4. mai 2014, 14:00