Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld med ny salmebok

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. mars 2014

Onsdag kveld vart songkvelden i Todalen kyrkje bruka til å introdusere og «prøvesynge» den nye salmeboka. Etterpå var det årsmøte i kyrkjelyden, der dei skulle ta stilling til å den nye salmeboka skulle takast i bruk i Todalen kyrkje.

Songkveld_9710_L

Todalskoret i aksjon, og song saman med kyrkjelyden. Foto: Jon Olav Ørsal

For høvet var det lånt inn eit antal salmebøker frå Ranes sokn, og både Todalskoret og Åsskard kyrkjekor deltok i salmesongen i kyrkja. Ei fin blanding av allsong og korsong fekk vi høre, der felles dirigent for dei to kora trakterte pianoet attåt.

NorskSalmebok2_9707

Norsk salmebok. Foto: Jon Olav Ørsal

Den nye salmeboka, eller Norsk salmebok som ho egentleg heiter, erstattar Nynorsk salmebok og Landstads reviderte salmebok. Den har songar og salmar på både nynorsk og bokmål, samt fleire andre språk.

BerntBoe_dirigent_9708

Bernt Bøe leda salmesongen, og hadde mange historier både om salmene og diktarane og korleis salmane vart til. Foto: Jon Olav Ørsal

Midt i løpet var det pause i songen, og eit innsalg der sokneprest Bernt Vensås presenterte sitt valg av «min salme og begrunning for valet. Han hadde valgt «Guds kjærleik er som stranda og graset», ein salme som diktaren Anders Frostenson hadde skrive.

BerntVenaas_9716

«Min salme» fortalte om korleis han kom til å velge sin salme. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter songkvelden var det først kyrkjekaffe, før det vart årsmøte i kyrkjelyden. Der vart det gjort vedtak om at Todalen kyrkje skulle ta i bruk den nye salmeboka, og eit høveleg antal skulle skaffast til bruk i kyrkja.

Kyrkjekaffe_9718

…så var det kyrkjekaffe, før årsmøtet starta. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mars 2014, 22:11