Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2014

Stangvik Jentekor har fått med seg Jubilate frå Surnadal, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor og inviterer til songkveld i Stangvik-kyrkja onsdag. Den nye salmeboka blir bruka flittig denne kvelden. Organist Bernt Gudrunson Bøe tek forsamlinga med på små visittar inn til salmistane for å avsløre ideane bak ein del nye og eldre salmar. Sceniske tips i tekstane blir også sette ut i praksis.

Kora syng saman og kvar for seg. Dei vaksne framfører både Beethoven og Wennerberg. Barna byr på vakre glimt frå den nyare salmeskatten, og i tillegg blir det sjølsagt mykje allsong.

Først publisert: 13. november 2014, 22:00 - Sist oppdatert: 20. november 2014, 08:03