Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Song-og musikkfest på Eidet bedehus.

Elinor Bolme Torsdag 5. april 2018

Tysdag kveld, 10.april kl. 19.00, er alle velkomne til song- og musikkfet på Eidet bedehus. Her blir det mykje allsong og andre innslag som både vil peike tilbake på påskedagsgleda, prisa skaparverket og Guds nærver i kvardagen.

Damekoret Credo med dirigent Oddveig Helseth Halle blir med, og Bodil Sæther Iversen vil dele «kveldstankar» med oss.  Zoya og Alex frå Bulgaria har lova å bidra med solosong og gitarspel.

Etter ein kort misjonsinformasjon kan du få vere med å gje ei gåve til hjelpe- og evangeliseringsarbeidet som NLM driv på fleire kontinent.

Det blir god servering (kveldsmat mm.), og sjølvsagt må det tradisjonelle «Mannskoret for alle» avslutte programmet!

Misjonssambandet oppfordrar unge og eldre til å møte opp på Eidet bedehus tysdag kveld. Velkomne!

Først publisert: 5. april 2018, 07:00 - Sist oppdatert: 4. april 2018, 22:22