Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sonerenn  i  Betna  –  søndag  6.2.

Sonerenn i Betna – søndag 6.2.

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Skigruppa minner om sonerenn og kretsrenn i Betna komande søndag. Det er Betna Idrettslag som er arrangør, og rennet går føre seg på Øyan stadion i Betna, og det er start kl 12.00. Det sonerenn for jenter og gutar 5-8 år, og kretsrenn i klassisk langrenn for alle klassar frå 9 år og opp til senior. For sonerennet er påmelding på rennkontoret innan kl 11.15, medan påmelding til kretsrennet skjer elektronisk på www.minidrett.no innan 3.2.2011. Last ned invitasjonen her.

Publisert: 31. januar 2011, 19:49