Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sondre innfridde med glans – vann juniorklassen

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. mars 2018

Det var over 60 deltakarar under laurdagens norgescup på Kårvatn i Todalen. – Gledeleg at deltakartalet er på veg opp, og at det no ser ut til at trimmarane strøymer til for å delta, seier Gudmund Kårvatn. Gudmund var primus motor og initiativtakar til å bruke Dalalia til arena for randonée-satsing i si tid.

Bilde frå starten ved Dalahaugen – 26 aktive deltok i Norgescupen i den individuelle konkurransen som gikk laurdag.

Det var 26 aktive løparar som stilte på startstreken på arenaen ved Dalahaugen. Da vi snakka med junioren Sondre Svensli før start var han spent på korleis kroppen fungerte. Han kom heim frå EM sist tysdag, og var sliten etter ei lang reise. Men det trong ikkje Sondre tvile på, for han var først både ved passering på toppen og heldt leiinga heilt til mål. Rett etter målgangen snakka vi med Sondre, og han tykte det var perfekte forhold men litt hard nedkøyring.

Frå starten av trimklassen med tidtaking. Christer Lund (startnr 25) kom i mål på beste tid med 1.54.20

Eigentleg er det ein kjempestor prestasjon for 19-åringen som etter kreftoperasjon i november føler seg heilt restituert, og tok en 10-plass i EM på Sicilia i førre veke og siger i Dalalia. Sondre er i år siste års junior, og han må nok rekne med eit tøffare klima neste år når han stiller i herreklassen. Men det fryktar ikkje Sondre, som faktisk gler seg til å konkurrere i herreklassen. Sondre har faktisk som mål å gjera dette til levebrød, og det trur vi han vil lykkes med.

Hans Inge Klette frå Viljar I.L. vann klasse herrer senior, medan Jøran Grøvdal vann menn veteran. Foto: Jon Olav Ørsal

I herreklassen var det Hans Inge Klette som trekte det lengste strået. Han kom i mål på 1.42.52 og var mesta 6 minutt framfor Håkon K. Johannessen på andreplass og 7 minutt framfor Thomas Kvalsvik på 3. plass.

I klasse menn veteran var det Jøran Grøvdal som kom i nn på beste tid på 1.44.32 framfor Håkon Ishol som kom på andreplass med 1.54.21.  I klassen for kvinner senior var ingen som matcha Emilie Forsberg som kom i mål på 1.30.19.

Vi lar Kristoffer Nordvik representere trimmarane – her spanderer han et smil til fotografen når han passerer. Foto: Elinor Bolme

Som sagt var det stor deltaking i trimklassen – både med og utan tidtaking.  Dette har vi jobba mykje med å få til, og vi er veldig glade for at det no har lausna, seier rennleiar Nils Ove Bruset som har vore rennleiar heilt sidan starten på randonéekonkurransane i Dalalia først på 2000-talet. Det er veldig gledeleg, og vi ser no at arbeidet vi har lagt ned har virka. Med totalt 62 deltakarar er deltakartalet dobla i forhold til det som har vore dei siste åra.

Søndag fortsett randonée-helga med vertikal som også går i Dalalia

Her kan du laste ned komplett resultatliste med mellomtider for alle deltakarane.

Link til video frå starten for den individuelle konkurransen laurdag: https://youtu.be/k4eS_UZrovY

Første bildegalleri kjem frå mellomtidstasjonen ved 1040 moh. Alle foto Elinor Bolme.

Andre bildegalleri kjem frå toppen av Tydalsnebba kor Jo Gjeldnes fotograferte.

 

 

Publisert: 3. mars 2018, 18:54