Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Ny sjakk-kveld i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2014

Sjakkentusiastane prøver til med ein ny sjakk-kveld. Det skjer i Kaffekroken på butikken, og Trygve Halle og Terje Nordvik som er initiativtakarane ønskjer alle velkome til å prøve seg på sjakkspelet finessar.

AndersT_TerjeN_8277

Anders Talgø og Terje Nordvik i eit parti ein kveld tidlegare. Foto: Jon Olav Ørsal

Det skjer altså søndag 9. februar kl 19.30, og dei oppfordrar alle som har sjakkbrett og brikkar til å ta med dette til sjakktreffet. Du treng ikkje til å være verdsmeister for å kome og ta del i sjakkspelet denne kvelden, så ta med godt humør og kom!

Publisert: 6. februar 2014, 20:27