Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Byr på ettermiddagskaffe i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. april 2014

Søndag ettermiddag inviterer todalen historielag til «Ettermiddagskaffe» i Todalen Ungdomshus.  Det skjer frå kl 14, og utover ettemiddagen, og er både eit sosialt treffpunkt og ein temadag som tradisjonelt samlar mykje folk. Temaet denne dagen er Todalsfurua, og vi har vore så heldig å få ein av dei fremste ekspertane på «gammeltåiller» til å kome til todalen denne dagen, seier leiar i historielaget John Moe, nemle Jon Bojer Godal.

Godal bor i Valsøyfjorden, og har nær tilknyting til verksemda på Husasnotra, der han no er konsulent for verksemda. Han er ein av landets fremste ekspertar på gamal byggeskikk og bruk av furu i slike samanhengar. Vi trur det blir ein interessant dag i Todalen ungdomshus, og historielagt vil sjølvsagt sørge for litt traktering.

Publisert: 1. april 2014, 23:13