Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sommarlas» 178.350 sider

Elinor Bolme Laurdag 8. september 2018

Dei unge surnadalslesarane sette ny rekordar; dei 165 brukarar las tilsaman 2047 bøker på totalt 178.350 sider.

Dei fleste folkebiblioteka var med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese. Lesekampanjen gjekk mellom 1. juni og 1. september, og skulle bidra til at leselysta blir held varm gjennom heile sommaren. Dette er særs viktig for dei yngste, slik at leseferdigheitene ikkje tapar seg gjennom to månader med skuleferie. «Sommarles» er for dei som kjem til å gå 1.–7. klasse til hausten, og fleire lærarar gjer difor sitt for å motivere elevane før skuleslutt til å «sommarlese». Så viser også statistikken at det er flest deltakarar mellom dei som gjekk 1.–3. klasse i vår.

37 prosent av surnadalingane i den aktuelle aldersgruppa var med på «Sommarles»; det er ei oppslutning som ligg godt over snittet for fylket (28 prosent). Enno viktigare; det er ein fin framgong frå åra før (24 prosent i 2016, 34 prosent i 2017).

Dei unge lesarane starta friskt, men leselysta dabba noko av i siste halvdel av sommaren. Likevel, det var (knepne) bestenoteringar på alle statistikkar – og det er ikkje verst etter ein slik finvêrssommar.

 

Publisert: 8. september 2018, 11:40