Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarjobb i parken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor.

Ett trettitals rododendron skal plantast ut - men Steinar og Frikk må ha pause innimellom.  Foto: Jon Olav Ørsal

Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben gikk ut på å frakte plantejord ut i området og å grave hol for så å plante rododendronbusker – som etterkvart skal pynte opp i området.

Elles venta dei sjølvsagt på at det skal bli litt betre badetemperatur. Bruset frå Storfossen like ved minte oss på at det framleis er stor vassføring i Toåa, sjølv om den no er komen ned på 15 m3/sek  frå rundt 60 m3/sek i helga.  Men det trengs nok nokre dagar med finvêr før det blir komfortabel badetemperatur.

SteinarG0414

Steinar Gjeldnes fyller på med blomsterjord, før rododendronbuskene kunne plantast. Foto: Jon Olav Ørsal

FrikkT0415

..til neste vår blir det nok rododendronblomstring, trur Frikk H. Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. juli 2015, 13:50