Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solid overskudd og frisk nysatsning for Surnadal golfklubb

Elinor Bolme Sundag 26. februar 2017

Måndag kveld hadde Surnadal golfklubb årsmøte på Thon Hotell Vårsøg. Laget har god økonomi, og kunne legge fram eit overskot på vel 200 000. Dette til tross for at post for medlemskontigent er betydeleg redusert dette året sett opp i mot 2014 og 2015.

Investerer for over 670 000 kroner

Kveldens klart mest spenstige vedtak var at klubben no til 2017-sesongen skal investere i 14 stk robotklipparar for å ta seg av klippinga av semiroughen. Dette betyr at klubben sparar medlemmane for mykje dugnadsarbeid, samt at banen vil bli enda betre. Også driftskostnadane vil bli redusert. Kostnadane er estimert til totalt 673 000 kroner. Finansieringa blir fordelt på vel 436 000 i lån, nesten 97 000 kr i dugnadsinnsats og 140 000 kroner i eigenkapital. Eit skikkeleg løft for klubben! Låneopptaket er tenkt forsøkt redusert med sponsormidlar. Her kan det kanskje bli muligheiter å få reklameplass på sin eigen robotklippar.

Hos Tjøme GK er fantasien stor med tanke på sponsornamn.

Så langt kjenner vi berre til Tjøme GK som har prøvd det samme, med gode resultat fortel leiar Oddvar Væge.

Ny styresamansetning

Det nye styret i Surnadal Golf klubb vart som følgande: 

  • Styreleder: Oddvar Væge (gjenvalg 1 år)
  • Nestleder: Audun Moen Skei (ny, valgt for 2 år)
  • Sekretær: Jens Nervik (ikkje på valg)
  • Kasserer: Siri Vaagland (ny, valgt for 2 år)
  • Styremedlem: Dagrun Dyrnes Stromberg (ikkje på valg)
  • Varamedlemmer: Hallvard Kvande og Reinhard Wichmann (ikkje på valg)
  • Banesjef: Stig Talgø og Geir Berntsen (nyvalgt)
  • Revisorer: Christian Madaus og Egil Nedal (gjenvalg 1 år)
  • Valgkomitè: Randi Moe Sæter (ikkje på valg, leiar for 1 år), Arne O. Sæter (nyvalgt for 2 år) og Arthur Melling (nyvalgt for 3 år).

Styret takkar Kristin Røen og Stian Kooyman for innsatsen som henholdsvis avtroppande kasserar og nestleiar.

Alle årsmøtedokumenta finn du på heimesida til Surnadal golfklubb.

På klubben si Facebookside finn du ein fin film frå banen på Mo 

 

Først publisert: 26. februar 2017, 04:12 - Sist oppdatert: 25. februar 2017, 22:17