Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solgt til langt over forventa

Elinor Bolme Sundag 10. mai 2015

Todalen brannvesen sin 83-modell Dodge vart fredag henta av ein storfornøgd kjøpar. Det var rett nok Surnadal kommune som stod som selgar av klenodiet, etter at bilen vart ein mann for mykje etter at nybilen kom til bygda. Bilen vart som tidlegare nemt annonsert på finn.no til høgstbydande over 2000,-. Etter ein del interesse for bilen, endte salgssummen på 61 000,- kunne ein storfornøgd brannsjef Tor Arne Moen fortelje torsdag.

Sean John Mumford heiter den lykkelige eieren, som er ein ihuga Dodge fan frå Lier.

11238974_10153227114177534_188658689923659605_n

Tor Arne Moen sendte naturleg vis med litt lokalt stæsj til den langvegsfarande Sean.

 

Publisert: 10. mai 2015, 06:00