Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Soknerådet med informasjon om konfirmasjonsgudsteneste (Kl 11:00) og utegudsteneste i arboretet (kl 12:00)

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. august 2020

Laurdag 29. august er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av koronapandemien er det begrensa plass i kyrkja. Dette inneber at det berre er konfirmantane med innbedne gjester som kan delta i gudstensta.

I Todalen er det tradisjon for at konfirmasjonsgudstenesta er open for alle, men slik er det altså ikkje i år; det er plass berre for inviterte.

Arkivfoto todalen.no.

UTEGUDSTENESTE

Søndag 30. august er gudstenesta lagt til Svinviks arboret. Gudstenesta startar kl. 12:00 (Feil tidspunkt er annonser i Driva!) , sokneprest Kristin Strand er liturg. Kor leia av Bernt Bøe vil delta.

Leiaren i soknerådet, Kristian Gjeldnes, oppfordrar folk til å ta med niste og kaffi  til «kyrkjekaffe» etter gudstenesta. Her er det og fint turområde; ein kan ta ein tur oppover Gammelvegen, kanskje opp til Hjellnes  eller ein tur langs sjøen rundt om Kammane.

Blir det dårleg ver, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje.

Alle er velkomne til gudsteneste!

Først publisert: 25. august 2020, 09:00 - Sist oppdatert: 29. august 2020, 19:02