Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søk om bolystmidler!

Elinor Bolme Måndag 30. juni 2014

Bolystprosjektet i Surnadal og Sunndal kommune inviterer lag og organisasjonar til å delta i arbeidet med å gjere kommunane til ein god stad å busette seg i. Frivilligheita er limet i bygdene våre og ein god sosial arena til å gjere seg kjent, delta i aktivitet, få vener og nettverk, skriv dei på si heimeside.

Surnadal kommune oppfordrar no lag og organisasjonar til å delta i dette arbeidet, og har tilrettelagt ei ordning der ein kan søkje midlar til aktivitet  som er retta inn mot vertskap, inkludering og rekruttering.

Gjennom å gjere eigen aktivitet meir tilgjengeleg for nyinnflyttarar kan ein og få inn nye ildsjeler som kan bidra i organisasjonane vidare.

Lag og organisasjonar kan søkje om inntil 15.000,- på tiltak. Dette treng ikkje vere ny aktivitet, men kan og gå på å tilrettelegge aktivitet for nye grupper, informasjonsarbeid, heimesider, transport osb. Målet er å skape trivelege treffstader for nytilflytta og andre som har bodd her lenger.

Søknadsskjema finn du her.

Les meir på Surnadal kommune si heimeside.

Først publisert: 30. juni 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 29. juni 2014, 21:20