Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snekkarlærlingar på oppdrag på Statland

Jon Olav Ørsal Fredag 14. februar 2014

Statland vart plutseleg kjent for alle for eit par veker sia. Undersjøisk ras med stor flodbølge som slo innover land, ga store overskrifter i media over heile landet. I nabobygda Flatanger var det samtid ein stor skogbrann, så det var liksom ikkje måte på kor mykje som skjedde samtidig. Statland ligg på vestsida av Namsenfjorden, mellom Steinkjer og Namsos. Her er MøreTre involvert som leverandør av element til ein heil fritidsby som er under byggjing.

Statland_Elementhus_8630

Det er Talgøselskapet Bindalsbygg As som er entreprenør for utbygginga for prosjektet Statland Brygge, og det er planlagt byggjing av 25 fritidsboliger i dette prosjektet. De fem første er snart ferdige, og det skal byggjast 5 einingar til som skal være klar før sommaren 2014. Vidare skal det byggjast etter kvart som det blir selt. Som sagt er husa bygd på elementfabrikken til MøreTre, og så frakta til Statland og montert der.

Snekkere Statland_8636

Fleksitid under OL er bra. Da vi var innom var det langrennssprint og stor spenning, og det vart litt utvida lunchpause denne dagen, og dermed litt lengre arbeidsdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vår utsendte var innom denne veka var det 5 snekkarar på plass på byggeplassen. 3 frå Bindalsbygg og 2 som var utlånt frå Møretre. Dei to frå Møretre var lærlingane Ove Edvin Sæterøy og Ola Talgø som dreiv med montering av isolasjon i taket på husa. Dei har delteke i produksjonen av elementa på tampen av fjoråret, og tykte det var interessant å få med seg korleis elementa vart montert og korleis husa var sjåande ut når elementa var montert. Seinare er det plana at dei skal ta del i montering av panel, glas og dører, slik at dei får lære heile byggeprosessen. Etter skulegang på snekkarlinja på Surnadal vidaregåande i to år, er dei no inne i det første av to år som lærlingar før dei kan sleppast ut på livet som sjølvstendige snekkarar.

DSC_8619

Statland brygge ligg idyllisk til, og blir nok som ein liten ferieby i sentrum av Statland, med kort vei til butikk og eiga småbåthamn i tilknyting til anlegget. Foto: Jon Olav Ørsal

Heile gjengen bor i eit leigd hus like ved byggeplassen, og trives med dette livet. Det blir lange dagar, med tidleg start på måndag morgon og arbeid til langt på kveld. Men så avsluttar dei veka torsdag ettermiddag for å dra heim på lang frihelg. Gjengen frå Bindalsbygg har ein heimveg på ca 20 mil, medan dei som kjem frå Surnadal må bruke rundt 5 timar på heimturen til Todalen og Bøfjorden

Publisert: 14. februar 2014, 07:00