Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snart siste reis for «Nordstjernen»

Snart siste reis for «Nordstjernen»

Jon Olav Ørsal Måndag 13. februar 2012

«Nordstjernen» er det eldste hurtigruteskipet som framleis er i fart langs kysten, på ruta mellom Bergen og Kirkenes. No er snart tida komen for å gi seg, og 11. mars legg «Nordstjernen» ut på siste rundturen. Da kjem Finnmarken att frå Australia og tek over ruta . Dette blir nok ein minnerik tur, og mange kjem nok til å møte opp på hurtigrutekaia for å ta avskjed med den gamle slitaren, seier todalingen Jon Are Husby som er hotellsjef om bord på «Nordstjernen». Han skal være med på den siste hurtigruteturen til den gamle og ærverdige båten.

«Nordstjernen» vart bygd i Hamburg i Tyskland i 1956 og kosta 11,3 mill, som nok var ein svimlande sum den gongen. Da var det plass til 450 passasjarar, og køyeplass til 192. Seinare er den ombygd og har fått ny og sterkare motor og oppgradering av lugarane på 80-talet. No er båten sertifisert for 400 passasjerar og har 151 køyer.

På siste turen går eit filmteam frå NRK om bord i Kirkenes for å bli med på avskjedsturen sørover kysten til Bergen, og Jon Are fortel at det er planlagt at det skal være kakefest i kvar hamn på turen sørover. Han reknar med at det blir mange faste gjestar på den siste turen som alt er utselt, da ca 80 rundreisepassasjerar har bestillt plass. Mange av dei faste gjestane er nok hurtigruteentusiastar, og dei er det mange av. De har stifta fanklubb som heiter Østenfjeldske Hurtigrutevenner som har eiga heimeside. I tillegg finns det ei heimeside med mykje info og historie om alle hurtiruteskipa opp gjennom åra.

Men sjølv om båten blir pensjonert frå hurtigrutefarten så blir det ikkje noko pensjonisttilvære for «Nordstjernen» med det første. Etter eit verkstedopphald blir det  sommaropphald på Svalbard for å gå i turisttrafikk der frå mai til august. Og hotellsjefen blir med på turen og gler seg nok til gjensyn med Svalbard, der Jon Are har jobba ca 5 år tidlegare, både i Ny Ålesund og i Longyearbyen. Turen startar i Bergen, og går oppetter norskekysten til Svalbard og Longyearbyen. «Nordstjernen» skal ha base i Longyearbyen, og herfrå vil det bli høve til å utforske Svalbard for den som vil.  Til høsten blir det ein liknade tur attende til Bergen.  Da er kanskje tida ute for «Nordstjernen» i norske farvatn. Båten er iallfall lagt ut for salg, og kva utfall det får er det ingen som veit, men Jon Are går nok attende til hotellsjefjobben på ein av dei nyare båtane, og fortsett trafikken mellom Bergen og Kirkenes.

Vi har fått mange fine bilete av «Nordstjernen» som er tekne fredag 8. mars av hurtigruteentusiastar som har fotografert båten på veg nordover den 8. mars.  Alle bilda er tekne av Sunniva Krøvel-Velle, Thomas Bøen (frå langevåg) Alme og Geir Løvbugt (frå Molde).

Publisert: 13. februar 2012, 00:01