Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snart klart for Norsk Vandrefestival 2013

Snart klart for Norsk Vandrefestival 2013

Elinor Bolme Sundag 21. juli 2013

Torsdag 1. august brakar Norsk Vandrefestival 2013 igang med årets hovedbase i Svinviks Arboret. Her er eit fullstappa program, med ulike aktivitetar for alle og einkvar.  Fleire av aktivitetane er også denne gongen lagt til Todalen. Vi kan nemne tur på Rambjøra som ei oppvarming før offisiell åpnng av festivalen onsdag 31. juni med lokal guide frå Todalen; Knut Halset. Meir info her.

Dagen etter er det oppsett tur til Romådalen, med blandt anna biolog og fugleforskar Nils Røv som kjenntmann. Sjå meir info om den turen her.

Festivalen har sett saman rundt 40 ulike turar/aktiviteter i eit oversiktleg oppsett på nettsida si: Program Norsk Vandrefestival 2013. Her kan ein gå inn på det enkelte arrangement og finne turbeskrivelse, pris og minimumsantall for at turen/aktiviteten kan gjennomførast. Så det ligg an til ei innhaldsrik helg for 4. året på rad for arrangørane av Norsk Vandrefestival, og ikkje minst for publikum!

Publisert: 21. juli 2013, 16:41