Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart klart for bustadbygging på Øygarden

Jon Olav Ørsal Søndag 28. august 2016

Reguleringsplana for Øygarden bustad på Nordvik er no lagt ut for offentleg ettersyn på heimesida til Surnadal kommune. Planforslaget viser eit nytt bustadområde på Nordvik. Det er også planlagt eige område for hytter, rorbuer/naust, samt småbåtanlegg og badeplass.

På heimesida til Surnadal kommune kan du lese eller laste ned plankart, planbeskrivelse, planbestemmelsar og vedtak i hovudutvalet for teknikk, miljø og næring, der frist for eventuelle merknader til plana er 5. oktober.

 

Først publisert: 28. august 2016, 08:09 - Sist oppdatert: 29. august 2016, 17:18