Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snart haustfest i Start 4H

Snart haustfest i Start 4H

Elinor Bolme Tysdag 23. oktober 2012

4H året er snart slutt, og styret med sekretær Thea Saksen Ulvund melder inn til todalen.no at førebuingane til årets haustfest førstkommande søndag er godt i gang.  Den siste veka i eit 4H-år er alltid travel, i år intet unntak.
Styret orienterer: Onsdag 24. oktober er det øving på program til haustfesten kl. 18.00
på Todalen Skule. Det er veldig viktig at alle møter opp på dette!

Fredag 26. oktober er det årsmøte på gammelskulen kl 18.00,
med halloween-party etterpå. Halloween-partyet er ferdig kl. 22.00.
Det vil bli kiosksalg, konkurranser og leiker, samt kåring av beste kostyme.

Lørdag 27. oktober skal prosjekta stilles ut på skulen. Det stilles ut
mellom kl. 10.00 og 14.00.

Søndag 28. oktober er det hausfest! 4H’arane møter påå på skulen kl.
16.00 for øving på program. Dørene åpnar kl. 17.00, og programmet
startar kl. 18.00.

Alle 4H-familiane må ta med eit matfat og ein gevinst til
haustfesten og utloddning.
Takk for eit fint 4H-år!

Publisert: 23. oktober 2012, 19:31