Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart ferdig med feiinga i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juni 2014

Feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad er snart ferdig med runden rundt bygda med pipefeiing. Pipene blir feidd annakvart år, og da sørgejer dei for at sot og beksot blir fjerna for å redusere faren for pipebrann. I tillegg er ein del av arbeidet deira å drive forebyggende arbeid resten av tida.

feierbilen_4144

Feiaren har ansvar for feiing og for ettersyn av piper, eldstader og brannsikkerheit i heimane. Foto: Jon Olav Ørsal

 

I fjor hadde dei ein runde rundt bygda med brannettersyn, og det resulterte i at mange som hadde dårlege teglsteinspiper måtte sette inn ein ekstra pipeinnsats. På årets rundte har dei sjekka at dette arbeidet er utført, og Jon Nordvik gir ros til huseigarane i Todalen for god oppfølgjing på dette området.

Samtidig minner Nordvik om at det er bålforbud i sommarhalvåret. Det er totalforbud for bålbrenning i tidsrommet 15. april til 15. september. Dette gjeld både store og småe bål. meir informasjon om dette og søknadsskjema for unntak finn du på heimesidene til Surnadal kommune.

Først publisert: 30. juni 2014, 17:28 - Sist oppdatert: 5. februar 2015, 21:41