Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snarrådige Ester berga brann.

Snarrådige Ester berga brann.

Elinor Bolme Laurdag 5. juni 2010

Kvart på sju no i kveld var det brannutrykning til Solberget på Todalsøra. Ester Karin Larsen som var ute og gjekk seg tur fekk sjå røykutvikling og flammar i garasjen tilhøyrande Solberget og fekk varsla nabo Ole Elgsæter om ståa. Han fekk kona Einy til å ringe nødnummeret slik at blant anna Todalen brannkorps kom raskt til brannstaden.

Ole og Ester fekk så drege ein båthengar ut frå garasjen og sløkkt flammane med ein vasslange dei fann i nærleiken. Då brannmannskapa kom, hadde dei dermed fått kontroll. Brannårsaka var sjølvantenning av dekket på hengaren.

Frå Surnadal kom vakthavande Odd Helge Innerdal etterkvart for å sikra bilete og forklaringar på staden. Brannmannskapet frå Surnadal vart snudd, da situasjonen vart under kontroll forholdsvis raskt.

Først publisert: 5. juni 2010, 19:43 - Sist oppdatert: 6. juni 2010, 13:24