Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
«Smal» bedrift, med bredt utvalg..

«Smal» bedrift, med bredt utvalg..

Elinor Bolme Sundag 11. desember 2011

Sportsnæringa på landsbasis slit i følge nasjonale media for tida då det er for lite snø til at folk handlar tilstrekkeleg. Men dette gjeld ikkje for Kårvatn Fjellutstyr AS kan medeigar og for anledning butikkmann Gudmund Kårvatn fortelje då todalen.no var oppom låvebutikken for å ta pulsen på julehandelen laurdag. Her går det slettes ikkje roleg for seg med skisalget kunne han fortelja, då han i løpet av føremiddagen venta fleire langvegsfarande frå både Averøya og Kristiansund som hadde meldt sin ankomst for å handle SkiTrab randonèutstyr.

Men ski og skitilbehør er ikkje alt du kan få tak i på Kårvatn; du var kanskje ikkje klar over at dei er ein av få butikkar i Surnadal som forhandlar vesker og trillekoffertar? Her er merker som Keen og Dakine verdt å merke seg.

Hjelm er stort sett eit krav i dei fleste slalombakkar. Det er slutt på den tida det var «teit» med beskyttelse.

Ellers kunne Gudmund vise fram eit av dei nyaste produkta som var ankommet butikken, og som for mange er av stor helsemessig gevinst å bruke, om ikkje livbergande; ein ny type isklo. Denne er lett å ha på og av, og leverandøren i Tyskland går god for at den er fullt mogleg å springe i også.

Butikken bugnar av gode tilbud, og også ungane er representert med eige utvalg, både med vintersko og solide vinterklede for å nemne ein brøkdel. Ellers kunne Gudmund fortelje at dei held ope som vanleg utan utviding no før jul, altså frå 10-16 kvar dag utaom tirsdagar der dei er ope til 19.  I romjula held dei ope både 4. og 5. dagen frå 10-16.

Publisert: 11. desember 2011, 10:00