Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Småbarnssong

Småbarnssong

Elinor Bolme Laurdag 27. februar 2010

Fredag formiddag var dei aller minste i bygda samla i Sanitetshuset for småbarnssong. Det var soknerådet som etter initiativ frå diakon Gry N Ebbesen som stod for arrangementet. Fem mødre med tilsaman 7 born møtte fram.

Her var det regler, songar og dans, alt på borna sine premisser. Nokon lika det, andre ikkje. Mødrene derimot var samde om at det faktisk ikkje var så aller verst å sette av eit par timar til sosial kontakt. Tilslutt var det servert ein enkel formiddagsmat.

Dette vil fortsetta kvar fredag no i første omgang fram til påske, så om nokon gjekk glipp av det den første gongen, byr det seg fleire moglegheiter.

Publisert: 27. februar 2010, 11:32