Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Smøla  –  meir  enn  Fru  Guri

Smøla – meir enn Fru Guri

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2013

Gurispelet er nok hovudattraksjonen på Smøla om sommaren. No er det nok travle tider i Gurisentret, med førebuingar til årets arrangement som har premiere torsdag 18. juli. I år er det 4. forestillingar, og dei rundar av med siste forestilling søndag 21. juli. Dersom du har tenkt å få med deg årets Gurispel er det nok høg tid å tenke på billettar som du kan kjøpe på nettet.

Kortaste veg til Smøla er nok å ta ferge frå Hendset til Arasvika. Da er det 32 km å køyre til Sandvika på Tustna, der du tek ferje til Edøya på Smøla. Da ligg Gurisentret i gåavstand frå ferjekaia, og du kan godt sette att bilen på ferjekaia på Tustna. I Gurisentret er det og restaurant, og ei flott historisk utstilling som er verdt å få med seg. Gurispelet foregår i det flotte amfiet attafor Gurisentret.

Men Smøla er mykje meir enn Gurispelet og Gurisentret, men da må du nok ha med bilen eller sykkelen.  Vi tok rundturen rundt heile Smøla, og ein avstikkar til Veiholmen. Frå Todalen til Veiholmen vart det ca 160 km køyring og det er kanskje lurt å ta turen over 2 dagar, eller du kan ta det som ein langdag.

Vi tok turen rundt vestsida av øya, og tok mellom anna den store vindmølleparken i nærare augesyn. Vidare passerte vi Råket og Dyrnes før vi kom til Hopen. Her vart det ein prima klippfiskmiddag på Hopen brygge, før turen gikk vidare til det idylliske fiskeværet Veiholmen som har i overkant av tre hundre innbyggarar. Veiholmen har tronge gater og det er lurt å parkere bilen og ta runden på Veiholmen til fots.

På turen tilbake køyrde vi rundt ausida av Smøla og til Edøya, der ferja låg klar til å ta oss med til Tustna igjen. Det er no nokre veker sia Smølaturen, men bildegalleriet nedafor er nok stort sett aktuelt sjølv om førebuingane på Gurisentret nok er komne noko lenger.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juli 2013, 13:36