Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sluttstrek for Eldremiddagen

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. august 2015

Onsdag inviterte styret i Eldregruppa til samling for å markere avslutninga for Eldremiddagen på Hammerstuene. Der vart det servert middag til tidlegare kokkar, styremedlemer og gode støttespelarar. Denne dagen kunne dei alle gå til ferdigdekka bord og få maten servert. Menyen var nydeleg sodd med potet, loff og østerdalsflatbrød. Til dessert var det nyplukka, friske jordbær frå Torvika.

IMG_6060

Karen Johanne Talgø har vore trufast kokk dei siste åra. Denne dagen kunne ho legge att forkleet heime og gå til dekka bord i lag med Svein. Foto: D.J.H.

Fleire trufaste kokkar kosa seg ved bordet. Frå venstre Bodil Kvendset, Jorunn Nes, Ingrid Todalshaug og Olina Halle. Foto: D.J.H.

Leiaren i Eldregruppa Reidun Østvik ønskte alle velkomne. Ho takka alle gode gjester som på ulikt vis har støtta opp om Eldermiddagen. Dette har vore eit godt og verdsett tiltak i bygda i over tjuefem år. Størte takken gjekk til kokkane, –  og til pionerane som starta det heile, nemleg Jon Lunde, Jenny Kvendset og Olina Halle. Men tidene har endra seg, og no var det ikkje lenger råd å få til vidare drift. Samlinga på Hammerstuene vart ei triveleg og verdig avslutning for eit flott tiltak.

IMG_6048

Maten smaka godt. Johan Ørsal ved sida av Jenny Kvendset som har vore med alle åra.Vidare ser vi Jorunn Ørsal, Brit Nordvik, Lisbet Ranes og Olav Ranes. Foto: D.J.H.

IMG_6042

Triveleg bordsete. Frå venstre Kitty Husby, Anne Moe, Bodil Kvendset, Jorunn Nes, Ingrid Todalshaug, Olina Halle og Sigrun Ørsal. Foto: D.J.H.

Triveleg bordsete. Frå venstre: Reidun Østvik, Per Bruset, Bjørg Bruset, Grete Torvik og Martinus Torvik. Foto: D.J.H.

IMG_6057

Reidar Østvik takka for riktig god mat og triveleg samver. Foto: D.J.H.

 

 

Publisert: 13. august 2015, 01:01