Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slutt på teltlivet

Slutt på teltlivet

Elinor Bolme Sundag 14. august 2011

Midt på dagen i dag vart det brått slutt for teltlivet på Bordholmen. Sterk vind gjorde at storteltet som har stått oppe sia Todalsdagen krølla seg rundt lysmasta som står der. Til alt hell gjekk det berre utover teltet sjølv, og ikkje campingbilen som stod parkert ein stor meter unna. Bileigar Hergen Albrecht skjøna fint lite då sambuar Inge Rühl banka på døra for å fortelje kva som var skjedd mens han var i dusjen.

Foto: Inge Rühl

Mannskap frå Todalen IL kom umiddelbart og rydda oppatt etter landvinden.

Ellers er dei to campingturistane frå Karlsruhe storfornøgd med den litt «annleise» campingen som dei tykte det vart etter vindkula i dag. Hergen har vore fast gjest her sia 2005, og kjem nok att neste år også. Han er ein ivrig fiskar, men kunne ikkje skryte på seg noko fangst i Toåa denne sesongen. Sia elvefisket er slutt etter den 15. ville han fortsette med sjøfiske resten av tida.

Todalen.no takkar Hergen Albrecht og Inge Rühl så mykje for lån av bilder i forbindelse med øydeleggingane. Sidan det kom fram at dei var ihuga todalen.no brukarar når dei var heime i Tyskland, gir vi dei kvart sitt todalen.no-krus i gave.

Publisert: 14. august 2011, 16:16