Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slutt  for  i  år  i  Toåa

Slutt for i år i Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 15. august 2010

Søndag 15. august er siste dag for fiske i Toåa for i år. Kl 24.00 sluttar både laksefisket og fisket etter sjøaure. Nye reglar som kom i år har regulert laksefisket til å starte tidlegare enn før (1.juni), og samtidig sluttar det 15. august istaden for 31. august. Fisket etter sjøaure starta også 1. juni, men sluttar i år 15. august i staden for 15. september.

Det har i år vore eing god sesong, så lenge det var snøsmelting og bra vassføring. På tampen av sesongen har det vore lita vassføring og dermed meir moderat fiske. Todalen Elvaeigarlag har enno ikkje oversikt over fangstar og salg av fiskekort, men er godt nøgd med aktiviteten i elva.

Publisert: 15. august 2010, 12:00