Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slutt på Bygdekinoen!

Slutt på Bygdekinoen!

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2009

Nye tider krev nye løsninger er det eit ortak som seier. Det ser i hvertfall ut som tida har innhenta Bygdekinoen i Todalen.
Husformann John Moe fortel at han har fått oppseiing frå Bygdekinoen, der dei varslar at det blir slutt på kinoframsyningane i Todalen.
Årsaka er alt for lite beøk på framsyningane i Ungdomshuset. Sist var det 3 betalande på kvar av forestillingane, og dette har vore tendensen i lengre tid.
Men det er ingen grunn til å deppe av den grunn, for det går kino på kulturhuset i Surnadal.
Vil du studere programmet der så er det berre å klikke her.

Publisert: 13. desember 2009, 22:22